Etter besøket på stølsdagen var det ut på tur! Arrangementet kan gjerne avsluttas med tur etterpå.
Ingebjørg Rivedal gjev absolutt alt i hesteskokonkuransen!
Gunn Sissel likar grauten, han går ned på høgkant!
Gaurhovdstølen ca. 11.50 laurdag 3.august
Stølsdag på Gaurhovd ( laurdag 3. august )
På trass av vêret som var grått, så var det bra oppmøte på den tradisjonelle stølsdagen på Gaurhovd, som gjekk av stabelen for 25. gong! Dei frammøtte kunne få undervisning i bl.a ljåslått, noko som eg og tidlegare klassevennine Ingebjørg Rivedal ville prøve oss på.( Eg var nok den som hadde minst taket på ljåslått, men det var kanskje ikkje så uventa. For vi ungane måtte ligge langt unna ljåane heime då eg var liten! )
Rømmegrauten var kjempegod og gjekk ned på høgkant i ruskevêret. Ingebjørg spanderte!
Så rusla vi rundt på området. Her var det smaksprøve av nykinna smør på flatbrød, nam..,og mykje moro å følgje med på… Koking av mjølkeprim krev tolmod, damene ved kjelringen hadde rørt i primkjelen sidan tidleg morgon, og enno var ikkje primen tjukk nok..
Men hesteskokasting tok kaka! Det var kjempemoro! Konkurransar gjer seg på slike arrangement, og det kunne gjerne vore endå fleire! Det som var ekstra hyggeleg var at det var så fine premiar små spesiallaga vasar/krus i keramikk ( laga av Susi Witteveen, frå Vats. ) Sjølvsagt gjekk vi inn for å vinne! Vi gjorde eit heilhjarta forsøk begge to, men kom dessverre ikkje til finalen! Men det gjorde paret som hadde gått frå Snuforinkje i Gol og hadde blitt søkkvåte før dei kom fram! Til slutt sto dei med kvar sine krus….:-) Hurra!
For ungane var det ballkastkonkurranse og dyr å helse på. Småkalvar og kaninar er gode å kose med! I og utanfor kaninbura sat det guter og jenter med kvar sine kaninar, fleire hadde kaninen innanfor jakka/genseren.
Ja, dette var ein hyggeleg dag! Ein kan ikkje vere 100% heldig med veret kvart år, men siste del av arrangementet hadde opphaldsvêr, heldigvis! Dette kan eg anbefale, det er eit årleg arrangement første helga i august.